Søndag 18. juli inviterer Todalen Historielag og Stangvik Historielag til museumsdag på Surnadal Bygdemuseum, Åsen. Her blir det mykje artig å vere med på, for store og små!
Frå dørene opnar klokka 12.00 vil det vere anledning til å få ein tur med hest og vogn rundt på museet. Gamle leikar blir eit av dagens tema – kan du å «vippe jeppe»? Her får du sjansen til å vise gamle kunster, eller lære noko nytt.
For dei med meir tekniske interesser kan det lokkast med utstilling av gamle motorar og motoriserte kjørety av ulike slag og årgangar. Dei faste museumsutstillingane vil òg vere opne for publikum gjennom dagen.
Eir Ragna Grytli, professor i arkitekturhistorie og bygningsvern ved NTNU, kjem klokka 13.30 til å halde eit innlegg med utgangspunkt i lokal byggeskikk. Begrepet nordmørslån kan bli eit viktig stikkord her.
Det blir også servering av dravle, bakels og graut og kaffe.
Les meir på Surnadal kommune si heimeside