Søndag 10. mars er det stor husbasar i Ungdomshuset. Det er husstyret i Todalen i.L. som er arrangør, og dei har den siste tida vore i full aktivitet med førehandssalg av lodd, både på felleslista og på dei to hovudgevinstane som er med på basaren. Husbasaren har fått ei hagemøbelgruppe, med bord og 4 stolar frå OutLiving-kolleksjonen på Talgø, og i tillegg loddar dei ut eit fint måleri som dei har fått med kunstnaren Elisabeth Aas.
Fredag og laurdag vil husstyret drive førehandssalg på Matkroken L. Hals, medan det blir basar i Todalen ungdomshus søndag 10. mars, mellom kl 15 og 18. Da blir det både lotteri, åresalg, skyting/pilkast, salg av kaffe og bakels og til slutt vil det bli trekkjing som skje live på storskjerm kl 18.00.
Med to flotte hovedgevinstar, samt massevis av anna basargevinstar er er det verdt å ta turen på basar søndag ettermiddag. Sosialt er det også!