Onsdag var det dugnad på oppvekstsentret. Alle barna på skulen og i barnehagen var ute og rydda og plukka søppel. Dei største var heilt ned til kyrkja, og dei fann litt av kvart langs vegkantane. Dei prøvde og fiskelykka, da dei såg ein fisk i bekken, men dessverre var den av plast.
Etter all ryddinga var det bakels og saft ute i det fri. 5. klassen hadde steikt bakels til alle, og dei tok og nokre bilete. No håpar barna det blir ein fin og flott 17.mai!
Tekst og foto: Britt Mossing