Laksefisket er forlengst igang i Toåa, men vi har venta på betre innsig før vi startar for fullt, seier Stig Husby, som er leiar i Todalen elveeigarlag. Torsdag kveld samla han habile mannskap for å ta ein dugnadstørn med rydding av elvekantar og tilrettelegging for laksefiskarane.
– Torsdag var første dugnadskveld, og vi fekk rydda elvekantane frå Båthølen og nedover mot Halsabrua på sørsida. Heilt utruleg kva ein får gjort med ryddesag, kantklippar og motorsag på eit par-tre timar, seier Stig Husby til Todalen.no. To ryddelag starta frå kvar sin kant, og no er det strøkent og godt tilrettelagt når fiskarane gjer sitt inntog i helga.
Klikk deg inn på elveguiden.no og finn meir informasjon om laksefisket i Toåa og kva reglar som gjeld for laksefisket i år!
Vi deltok på dugnaden – med kamera, og har lage eit lite bildegalleri. Foto Jon Olav Ørsal