Todalen bøgdalag inviterer til ryddedugnad langs vegkantane rundt bygda måndag 15. mai klokka 18:00. Oppmøte på Bordholmen for utdeling av utstyr og fordeling av «rydderuter». Dei som har mogleheit, kan ta med hengar.
Det er viktig å få rydda langs vegkantane før graset veks for mykje, og for å gjere det fint til 17. maifeiringa. Bøgdalaget håper difor at folk møter opp og hjelper til under ryddedugnaden.
Medlem i Todalen.no –