Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ryddedugnad, men liten fangst!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. mai 2024

I kveld hadde Todalen bøgdalag inviterte til ryddedugnad for å rydde vegkantane til Nasjonaldagsfeiringa. Ti personar møtte opp for å vere med. Det vart delt opp fire ryddelag som rydda alle vegkantane på kvar si side, frå Bordholmen stadion og opp til gammelfabrikken i Brusetmarka, inkludert Pilskarvegen

Det var ikkje så mykje søppel å finne langs vegkantane i år heller, så det vart dårleg fangst for ryddelaga, og i denne samanhengen er det positivt. Ryddelaga rosa todalingane for å ha vorte særs flinke til å ikkje kaste frå seg søppel langs vegkantane, noko dei ønskte å understreke er verkeleg positivt!

Heile ryddedugnaden var unnagjort på godt under ein time, så da er vegkantane rydda til Nasjonaldagsfeiringa. Kveldens fangst av søppel vart berren ein liten sekk, som blir levert Remidt i morgon. 

Publisert: 13. mai 2024, 19:25