Torsdag 12. mai klokka 18:00 blir det ryddedugnad for å rydde vegkantane langs Fylkesvegane rundt bygda og langs dei kommunale vegane: Pilskarvegen og Markavegen. Dette for å gjere det fint langs vegane til 17. mai-feiringa. Oppmøte på Bordholmen stadion klokka 18:00. Her blir det delt opp i plukkelag som får tildelt strekning for rydding. Det trengs bilar/ATV-ar med hengarar, så om nokon kan stille med det, hadde det vore fint!
Det vil bli plukka søppel i vegkanten langs desse vegane:
- Fv 6145 – Hallset bru – Sandstad
- Fv 6146 – Sandstad – Bruset
- Fv 6148 – Bruset Hallset bru
- Pilskarvegen (Pilskaret – Øyabrua)
- Markavegen (Bruset – Trudvang)
Ta med hanskar! Søppelposar blir delt ut ved oppmøte.
Alle blir oppfordra til å bli med på ryddedugnaden, så blir det fint langs vegane våre til 17. mai-feiringa!