Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ryddar ein kulturarv i Kvennsetdalen

Toril Redalen Onsdag 24. juli 2024

Det har alltid vore ein slags eksotisk sus over historiene fortalt oss frå «setertida», om slitet men òg frihæta, om felleskapet og kjærlighæta. Slått, gjeting og jaging, kles- og spannjvask, vennskap og bannjskap, fliring, mjøking, ysting, grøfting og koking, handmakt, faensmakt, skodd ned på kakskivå, ras og blodsugara.  

Å frakting.

Det å bærra.

Då eg sto å kika ut glaset sist laurdag, kom det på ny folk bærande opp dalen, Været heldt 26 grader pluss. Børene var som  før i tida: reiskap og mat. Sag, øks og tong. Det var tre slag kake og tre mango. Eit arbeidslag er per definisjon ein flokk av arbeidarar som arbeidar saman. Arbeidslaget med ansvar rydding støl 2024 bestod samla av16 sjeler, med mannskap frå tre generasjonar og tre verdsdelar representert.

Vi starta som avtalt arbeidet kl. 11.00.

Fordelt oss på støl og i arbeid.

Søget frå sag og stemmer var konstant gjennom økta.

Ein slik dag er måltidet klokka, eit fellesskap som samlar tid og folk. Og alt smakar som kjent betre ute. Viastua bidrog med fantastisk kjøtt frå ei kvige som hadde gått i Kvennsetdalen i to somrar. Det vart servert spansk kjøttgryte, salat og bakt potet. Sjokoladekake, krydderkake og rabarbrakake.

Vi preika om at dei måtta være nøgde med oss formødre og fedre, om dei sit og kikar på folk og arbeid frå ura over myra. Kanskje sit dei no akkurat slik som oss, å sender kjelen vidar til naboen?

Ein seterdal starta som eit samarbeidsprosjekt mellom menneske og naturen. Ei dyrka sameksistens, ein felles eigendom forma av dei som har levd før oss.

I dag er ein seterdal ein kulturarv.

Ei naturarv. 

En arv er på sett og vis noko som må bærast. 

Bærast ilag med gamal og ny kunnskap.

Gjennom naboskap.

Så akkurat no ryddar vi landskap til buskap.

Litt konkret om prosjektet:

Sommaren 2023 blei det igangsett eit arbeid med å lage skjøtselsplan for kulturlandskapet på seterstølane Kvennsetsetrin og Markastua, ein plan som blei ferdigstilt i januar 2024. I praksis er planen å regne som ein restaureringsplan, i og med at det aller meste er gjengroing. Hovudmålet med skjøtselen er å opne opp igjen stølsområda gjennom restaurering i form av rydding av skog og oppslag, samt å auke beitetrykket.  

Med utgangspunkt i skjøtselplana har Anderstua, Utigarden, Viastua og Austigard på Kvennset inngått avtale med Verneområdestyret for Trollheimen med årleg støtte til skjøtselsarbeidet framover. Via ei tilskotsordning for trua naturtypar av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er det i tillegg løyvd eit eingongstilskot knytt til oppstart av aktiv skjøtsel i Kvennsetdalen / rydding av treoppslag og kratt. Inkludert i dette arbeidet er også oppføring av eit gjerde for å hindre tap av beitedyr langs ein trasé der dyr har gått tapt i elva opp gjennom åra. Verneområdestyret har i tillegg gitt noko tilskot til dei to aktive beitebrukarane (Utigarden og Viastua) for innkjøp av Nofence klaver til beitedyr som skal bli nytta i dalen.  

Vi kan lese om setrene i Trollheimen heilt tilbake til 1500-talet. Men på den tida var seterbruket allereie ein tradisjon som truleg oppstod så tidleg som slutten av jarnalderen (600-800-talet) I bygdene blei det tronge kår under vikingtida, og dei to første hundreåra inn i kristen tid,- og slik oppstod fjellsetringa. Store deler av Trollheimen blei tidleg tatt i bruk til seterdrift.

Kvennsetdalen er ein gammel seterdal, der det har vore aktiv markaslått og setring fram til 1900-tallet. Etter 1900 blei markaslåtten gradvis fasa ut og setringen blei avslutta litt etter 1950. Det var kviger på beite i Kvennsetdalen fram til rundt 1985. Og fram til sommaren 2022 kun ein liten flokk med sau. Det året blei det slept 40 kviger, og sommaren 2023 ble det slept rundt 50.

I år oppimot 80 dyr.

Planen er at talet på storfe på beitet skal auke. På lang sikt er målet også slått av dei slåttemyrene i dalen.

Her er lenke til eit knippe arkivfoto til Todalen Historielag frå Kvennsetdalen


Tekst av Toril Redalen (med god hjelp frå Guro Redalen)

Kjelder:

Hallvard L., Olaug og Ragna Kvendset

Ola G. Kvendset

Skjøtselplan for kulturlandskapet på seterstølene Kvendsetsetrin og Markastua

Verneområdeforvalter Hege Sæther Moen

Kapitel om Seterdrift i Trollheimen, TrondheimTuristforening si årbok (1990)

 

 

Først publisert: 24. juli 2024, 20:53 - Sist oppdatert: 25. juli 2024, 15:14