Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rydda turstien for rotvelter

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. oktober 2025

Hauststormen Amy laga litt av eit kaos i Toåa tursti, der stien går gjennom Gunnøyskogen.  Her var det mykje stor older som hadde gått overende og sperra for trafikk dei første dagane etter stormen.  Men gudmund Kvendset bretta opp ermane og sette i gang med oppryddingsarbeidet med motorsag. 

Gudmund Kvendset er vant til å handtere motorsaga. Foto Jon Olav Ørsal

Gudmund er rutinert brukar av motorsag, og er vant til å rydde opp i rotvelter, men han har bruka fleire dagar på ryddearbeidet.  Det er faktisk lurt å ta seg tid og være forsiktig når ein driv med slikt arbeid.  Rotveltene er farlege, og det er ikkje verd å ta nokre sjansar.

Turstien er ferdig rydda, og det er ikkje forbunde med nokon fare å ferdast der no, så det er berre å «kjøre på» med trimturar så lenge du held deg til vegen som går gjennom Gunnøyskogen.  

Slik såg det ut i turstien gjennom Gunnøyskogen før Gudmund starta ryddearbeidet. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. oktober 2025, 14:48