No er det tid for rydding på kyrkjegarden – snøen er forhåpentleg borte for i år, og da er det tid for å ta eit tak både i hagen og på kyrkjegarden. Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn, syng Gluntan, og det kan vaktmeistrane i kyrkja bekrefte.
– Dei tre vaktmeistrane rekk på langt nær å ta heile våronnjobben på alle kyrkjegardane i kommunen, men dei prøver å ta det grøvste. Difor ber dei om at dei som er ansvarleg for dei forskjellige gravsteda tek «våronna», og ryddar vekk rester av blomster, blomsterpotter og anna rusk og rask på gravplassen.
Det blir fort mykje rusk og rask og med referanse i smittefaren i disse «koronatider» så ber dei om at du tek med avfallet heim og sorterer avfallet etter type – enten det er restavfall, papir, plast eller organisk avfall. Det blir mykje avfall på kyrkjegarden og no etter vinteren er det ekstra mykje som ligg og sleng og blir spreidd rundt av vêr og vind. På kyrkjegarden i Stangvik hender det og at det er besøk av rådyr som hjelper til med å rote til. Ta med planterestar og blomsterpotter heim er den klare oppfordringa til vaktmeistrane!