Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ruth er lett på kroken?

Jon Olav Ørsal Sundag 1. april 2018

Ja, Ruth Søyset Jensen, ho er ein tredel av ungdomsbedrifta Lett på Kroken  som ho var med og starta da ho gjekk på entreprenørlinja på Ålesund vidaregåande skule. Vi skal gjera historia kort, men det høyrer med til historia at ho og mora Anne er på påskebesøk hos bestemor Marit på Heimstad. Det høyrer også med til historia at Ruth er ei retteleg bessmorjente ….

I dag er Ruth for lengst ferdig med vidaregåande og entreprenørlinja og er til våren ferdig med ein bachelorgraden på Norges handelshøgskule og fortsett til hausten med mastergraden og to nye år i Bergen. Men ungdomsbedrifta lever vidare – i starten var dei fem, men i fortsettelsen vart dei 3 som danna selskapet Lett på kroken AS. Produktideen var både enkel og genial – ein plastkrok som du monterer på søppeldunken for å halde styr på plastsekken når du setter ut papir og plastsøppel for henting. Da hekter du berre plastsekken på kroken – så har du kontroll til søppelet blir henta. Dei tre held enda liv i firmaet, sjølv om dei studerer på kvar sin kant – det meste av aktiviteten foregår på nettet.

«Lett på kroken» er både enkel og genial – den held styr på plastsekken som elles har lett for å reise med vinden. Foto: Jon Olav Ørsal

Kundane er både privatpersonar og renovasjonsfirma. Største ordren er no til Årim som er renovasjonsselskap for Ålesundregionen – dei kjøpte 50.000 krokar som dei delte ut til alle husstandar i Ålesundregionen. Men også andre har renovasjonsselskap har ehnt seg på og kjøpt Lett på kroken. På ei avfallsmesse fekk selskapet ein innovasjonspris, og det var sjølvsagt ein stor inspirasjon til å fortsette.

Ruth fortel at aktivitetane med Lett på kroken nok har vore med og staka ut kursen for dei 3 gründarane – alle 3 studerer økonomi og administrasjon i dag og ungdomsbedrifta har heilt klart vore den store inspirasjonskjelda og har gitt oss meirsmak. Om det blir noko meir av selskapet Lett på kroken As veit ikkje Ruth, men dei har sysla med tanken om å prøve seg med utvikling av nye produkt. men foreløpig er det studiane som blir prioritert.

I mellomtida fortsett dei salet av kroken, og som privatperson kan du kjøpe kroken for ein hundrelapp – i Todalen er det bestemor Marit S. Søyset som er «agent/forhandlar»……

 

Publisert: 1. april 2018, 09:37