I ei melding frå Fram får vi informasjon om at fergesambandet, rute 1061 Kvanne – Rykkjem frå og med laurdag 1. juni er tilbake i normal ruteproduksjon. Grunna byggearbeid på Kvanne fergekai har det vore endringar i rutetidene ein periode, men frå laurdag går ferga altså etter opprinneleg oppsett rutetabell.
Ein kan også laste ned Fram-appen for mobil og nettbrett i Google Play og App Store. I appen kan ein sjå rutetabellar, planlegge reisa og kjøpe billettar.