Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rutebåten går om Svinvika

Rutebåten går om Svinvika

Elinor Bolme Fredag 2. august 2013

Surnadal kommune sa i dag ja til at rutebåten som er oppsett med 7 avgangar frå Todalen til Kvanne skal anløpe Svinvika på kvar tur. Skiltet som står oppe ved krysset inn til Todalen kan difor være litt misvisande med tanke på tidlegare informasjon.

Dette anløpet lettar arbeidsvegen for mange, og ikkje minst er det litt betre parkeringsmulegheiter i Svinvika når Vandrefestivalen er ferdig på søndag. Men kommunen oppfordrar alle til å bruke fornuft når det gjeld parkering både ved fergeleiet på Kvanne, i Svinvika og området rundt småbåthavna/Rossåbrua i Todalen.

Vegen ned til kaia ved Settefiskanlegget er frå og med fredag kveld stengt.

Dei rutetidene som er oppsette no kan bli endra på mandag da dei ikkje ikkje er heilt optimale for alle som ferdast ut og inn til Todalen i ulike samanhengar. Dette vil bli opplyst både her på todalen.no og på www.surnadal.kommune.no.

Publisert: 2. august 2013, 19:52