Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rustar opp på «Hett & Svett» – ny romaskin på plass

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. mai 2025

«Hett & Svett» er treningsstudioet til Todalen Idrettsla.  Det ligg i lokala som tidlegare vart bruka til bensinstasjon først og seinare vart det postkontor der til det vart opna post i butikk.  No er lokala rusta opp og blir altså bruka til treningsstudio for Todalen ILs medlemar.  I dag kom det ny romaskin på plass, samt 2 benkar som er bruka til styrketrening. 

Det meste av utstyret er skifta ut det siste året – Ny romaskin og nye benkar kosta rundt 25.000 kroner. Foto Jon Olav Ørsal

Ola Talgø og Anders Mo har bruka føremiddagen til å montere utstyret.  Dei fortel at det nye utstyret har vore etterlengta, da den gamle romaskina har vore i ustand den siste tid. Hett & Svett er ei god investering for Todalen I.L., og er mykje bruka av folk i alle aldre.  Er du medlem i idrettslaget er det gratis å bruke utstyret – her finns det utstyr både til styrketrening og kondisjonstrening så det er bare å kjøre på, fortel Ola og Anders.

Brukt utstyr – er du interessert i brukt utstyr så ta kontakt med Ola Talgø. Foto Jon Olav Ørsal

Dersom det er nokon som er interessert i å kjøpe den gamle romaskina så er det berre å ta kontakt med Ola Talgø.

Publisert: 28. mai 2025, 12:53