Det er tid for russetreff igjen og vanlegvis er det eit sikkert vårteikn, men det siste året er det ikkje mykje som har vore sikkert – pandemien har prega både russefeiring og det meste av andre aktivitetar. At det arrangeres russetreff igjen er difor eit godt teikn og det ga også Liv Dalegg uttrykk for da ho ønska velkomen til russetreff i Kulturhuset måndag ettermiddag. I år vil russen få lov til å ha ei viss russefeiring igjen, i samråd med kommuneoverlegen.
Banken samla russen for å informere om dei tilboda som banken har til ungdomane som snart skal bli studentar. Her møter også helsesøster, ambulanse, politi og sanitetskvinner for å informere om korleis russen kan ha ei god og trygg russefeiring utan å gå på akkord med seg sjølv eller andre. Og sjølvsagt var ordføraren der for å helse til russen frå kommunen med ønske om ei trygg russetid.
Todalen og Surnadal sanitetsforeningar delte ut posar med ting som kan være nyttig for russen å ha under russefeiringa. Elles orienterte politiet om korleis russen bør oppføre seg i russetida – både med bruk av russebil og elles med tanke på tilgang på rus. Arrangementet vart avslutta med pizzalag til alle som deltok.