Surnadalsrussen har kjørt fullt hus både torsdag og fredag med russerevyen «Våvvin tå rette vefta». Laurdag kjøres det to førestillinga – den første kl 14 og siste kl 18. Siste førestilling er utsolgt, medan det i skrivande stund fredag kveld er ca 130 ledige biletter på første førestilling kl 14. Programmet var spunnet rundt diktarkongen Hans Hyldbakk og var eit flott historisk tilbakeblikk, samtidig som den tok vare på den kjappe replikken og humoren som ein russerevy skal ha.
Vi er overbevist om at hans Hyldbakk hadde sett stor pris på denne hyllesten og kan trykt anbefale at du loggar deg på Billettluka og kjøper deg bilett til den siste førestillinga – den er vel verdt kvar einaste av dei 200 kronene det kostar!
Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri fra førestillinga fredag kveld. – bilda er tekne på frihand frå 8. rad, og kvaliteten er da også deretter! Alle foto: Jon Olav Ørsal