For nokre minutt sia hadde vi besøk av to blide ungdommar med innsamlingsbøsse for årets demensaksjon. Lars Ole Moen Betten og Tor Asbjørn Mikkelsen Karlsen representerer Surnadalsrussen, og går på dørene i Todalen. Dei starta utmed Ansneset, og har arbeidd seg rundt bygda, og dei er imponert over kor gavmilde folk er – her er det snakk om å «gje så det svir».
Surnadalsrussen samarbeider med Surnadal demensforening og helselag, og skal ta ein full runde og besøke alle heimar i kommunen. Dersom det er folk som ikkje er heime akkurat når dei stikk innom, så får dei ein lapp på døra som henviser til vippsnummer du kan bruke for å være med på aksjonen. Årets innsamlingsaksjon går til ei god og viktig sam, nemlig forskning på barnedemens som det desverre blir stadig fleire unge som blir råka av.

Surnadalsrussen samarbeider med Surnadal demensforening og helselag om innsamlingsaksjonen – her er heile gjengen samla til fotosession saman med demensforeninga. Foto Jon Olav Ørsal
Dersom du vil være med på aksjonen, så kan du gje via vipps nr 709094, som held styr på kva kommune du kjem frå, slik resultatet blir rett.