Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Russen fikk med seg gode råd på vegen

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. april 2022

Dei siste 11 åra har Surnadalsrussen fått med seg gode råd på vegen når russefeiringa startar. Onsdag inviterte Sparebank1 Nordmøre til «russetreff» i banken, og med seg på det hadde dei Surnadal Sanitetsforening, Todalen sanitetsforening, Skulehelstenesta, Ambulansetenesta, Politiet og ordføraren. Alle saman hadde gode råd for russefeiringa, kvar på sin måte. 

Marte helgetun har skapt si eiga verksemd heime i reiskapshuset. Det er ein måte å skape seg ei framtid på. Foto Jon Olav Ørsal

Det var Allan Troelsen som starta med å ønskje velkomen, og han fortsette vidare med å fortelje litt om banken og kvifor dei ønska å involvere seg i russetida til dei frammøtte ungdomane.  Elin Mo, ho også frå banken, fortalte om dei aktuelle tilbuda som banken har for ungdomane og litt om jobben sin som finasiell rådgjevar – i tillegg til litt gode råd om sparing, forsikring og korleis ein nyttar nettbanken. 

Elinor Bolme heldt innlegg på vegne av sanitetsforeningane, om den pågåande ungdomskampanjen «Ja betyr ja» og om vaksineringstilbudet mot hjernehinnebetennelse som saniteten har støtta økonomisk saman med Sparebankstiftinga. Ingunn Brekke toucha inn på same tema, og var glad for at så mange som 96 hadde teke vaksina siste år.  Ellesr var grensesetting og god hygiene viktige moment .

Gode råd på vegen frå Politiets Tor Hansen. Foto Jon Olav Ørsal

Bjørn Arne Østbø var oppteken av alkoholens andre rusmidlers bruk og dei mange negative sidene. Når ein er i feststemning er det lett at det går litt overstyr både på den eine og andre måten – men han ga da også godt skussmål til russen i Surnadal.  Sikkerheit var også ein raud tråd i innlegget som Tor Hansen frå politiet hadde – både med tanke på bilbruken og rusbrukebn – og betydninga for helse og sikkerheit. 

Alle fikk med seg ein pose med nyttige ting frå Saniteten. Foto Jon Olav Ørsal

Felles for alle var at russen i Surnadal har eit godt omdømme og alle ønska lykke til med russefeiringa.  Det gjalt også Margrete Svinvik som poengterte kor viktig det er dei planlegg framtida og siktar inn på noko dei har interesse for, sjølv om mange mørke skyer over Europa er med og gjer det litt vanskeleg.  Sett deg realistiske mål og ikkje større krav til seg sjølv enn ein klarer å mestre. Vi treng dykk i framtida, og vil ha dykk akkurat slik som dykk er.

 

Publisert: 27. april 2022, 17:55