Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Russeexpressen i rute

Elinor Bolme Sundag 9. februar 2014

Det nærmar seg vår igjen og tradisjonen tro blir det russerevy i år også. Denne gongen er det 2014-russen som er klare til å innta scenen i Surnadal Kulturhus sist på februar.

Dette kullet består av mange spreke ungdommar, deriblandt  fem spreke jenter fra Todalen som skal være med på årets revy. Det er Marte Talgø, Inga Husby, Oda Halle, Sina Kristin Edvardson Moe og Astrid Longva Kvendset..
Årets revy har fått navnet Russeexpressen og russejentene frå Todalen lovar oss ei forrykande forestilling med både artige sketsjar, song og dans. Dei gler seg naturlegvis, og  håpar at vi tek turen for å sjå kva dei har jobba med dei siste månadane.

Billettar  kan kjøpast på Surnadal Kulturhus eller på nettsida deira: http://www.billettluka.no/surnadalkulturhus

Russeexpressen har tre forestillingar:
26 Februar kl. 19:00
27 Februar kl. 19:00
28 Februar kl. 19:30

Prisar:
Vaksne: 200
Barn: 100

 

Publisert: 9. februar 2014, 21:34