Gammelfabrikken, Fossheim, var base for dagens Kløverrusletur. Da turgåarane møttest på Kvennsetøran var det kald nordåvind, og det var litt usikkert om det var ver til trim og kaffelag ute i det fri.
Men i Brusetmarka var det gløtt av sol, nesten ikkje vind og i ein av krokane ved Gammelfabrikken var det rett og slett godt ver til kaffekos! Her sat folket lenge, prata og kosa seg.
Men før kaffelaget var alle ute på ein trimtur, somme kort og flatt, medan andre tok bratta oppover Falla. Det viktigaste er at ein kjem seg ut i frisk luft, får litt trim og ei hyggeleg stund.
Måndag, 18. juni, er det ny KLØVERRUSLETUR, den siste før ferien. Da blir Todalen Sanitetshus base. Håpar mange blir med både på ein liten eller lengre tur og kaffesrevering med noko godt attåt.
Den 25. juni blir det siste KLØVERTUREN før ferien.
Her er fleire bilete frå turen ved Gammelfabrikken: