Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rusletur oppå Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Torsdag 24. august 2017

Kløverturgruppa i Sanitetsforeninga inviterer måndag 28. august til rusletur oppå Tjønnmyrå. Her har idrettslaget dei siste åra arbeidd opp eit fint anlegg med stor gapahuk med bord og benkar og fine løypetrasear. Om vinteren er det lysløype, men no er det fine grusvegar som passar godt til rusleturar. Her kan ein ta seg fram både med rullator, krykkjer eller stavar.

Opplegg:

  • Vi tilbyr skyss frå heimen og opp til Tjønnmyrann.
  • Den som treng skyss, kan kontakte Jorunn Ørsal, tlf. 94 27 89 14.
  • Vi kjører frå Matkroken kl. 11.00 og samlast oppå Tjønnmyra 11.15.
  • Etter å ha sett oss rundt oppå Tjønnmyra, blir det servering av graut og bakels, kaffe.

Vi håpar mange har lyst til å bli med på Kløverrusletur! Alle er velkomne!

Men: Blir det regn og dårleg ver, blir turen utsett ei veke.

Matpause i Gapahuken. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 24. august 2017, 23:10