«Godt folk har godt ver!» heiter det, og i dag slo dette til! På årets første Kløverrusletur var det sol frå skyfri himmel og nesten vindstille – ein retteleg fin dag på Kvennsetøran!
Sanitetshuset var base i dag, og 16 trimglade damer starta på trimtur ute i det fri; godt! Det vart turar i fleire retningar, alle gjekk passe langt! Somme tok motbakkane opp mot Løfta, og i dag var det ekstra fint å ta turen utover til Småbåthamna og sjøen.
Etter kvart samlast alle på plattingen framfor Sanitetshuset til kaffelag med graut og bakels som kaffebrød. Turfølgjet kosa seg i sola og syntest det var stas å treffast; det er alltid mykje å prate om.
Det er kjøle kjekt å ha Sanitetshuset, det er ein fin plass å samlast; – her kan vi kose oss både i finver og ruskever!
Neste måndag er det på ny Kløvertur, turmål bli kunngjort seinare.
Fleire bilete frå KløverRUSLEturen måndag 20. mai: