Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rusletur i Småbåthamna og Sissigrenda

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. september 2017

Måndag 11. september blir det ny Kløverrusletur melder turgruppa i Sanitetsforeninga. Denne dagen er turen lagt til Småbåthamna og Sissigrenda. Her kan ein rusle rundt både med rullator, stavar eller krykkjer.

Opplegg:

  • Du kan få skyss frå heimen til Småbåthamna.
  • Den som treng skyss, kan kontakte Jorunn Ørsal på telefon 94 27 89 14.
  • Oppmøte på Matkroken kl. 11:00 eller ved Småbåthamna.
  • Etter å ha rusla rundt, blir det servering av bakels med syltety og graut, kaffe.
  • Det er ofte litt vind nede ved sjøen, så det er lurt å vere godt kledd.

Vi håpar riktig mange har lyst til å bli med Kløverrusletur!

Alle er velkomne!

Blir det regn og dårleg ver, blir turen utsett.

 

Publisert: 10. september 2017, 00:22