Etter plaskregn i natt vart det sol og godver for damene på Kløverrusletur i Øyalia. Her var det tur etter fin skogsveg, somme gikk langt og andre tok ein rusletur.
Etter trimmen vart det kaffelag på plattingen framfor Ungdomshuset – der var det riktig kjekt å halde til. Nysteikt eplekake med krem, kaffe og god prat. Retteleg triveleg, så kaffepausen vart lang og god.

Det nok av alt – både kaker og kaffe! Frå venstre: Ingrid, Jenny, Grete, Karen Johanne. Foto: Dordi J G
Det er kjekt å vere på tur i lag, så det er berre å bli med på neste gong!
Om ei veke er det Kløvertur, og så blir det ny rusletur om 14 dagar. Turmål blir bestemt seinare når vi ser kva Yr melder.