Sjølv om det var ruskver og regn stilte heile sytten trimglade «jenter» til trimtur måndag 25. februar, og det var både godt, friskt og triveleg å vere ute på Kløvertur!
Turruta denne gongen gjekk frå Bakkan i Halagrenda, innover Ramsøydalane, Halanesset og Stormyrhaugen til Hengebrua. Her tok dei fleste turen over brua og gjekk utover langs elva om gapahuken nede på Brusetnesset og kryssa elva på nytt over Fillipbrua. Dette blir ein tur på godt og vel 5 kilometer, slett ikkje verst!
Etter turen tok mange ein tur innom Hals for kaffe, prat og handel.
Neste måndag, 4. mars, er det innetrim i Sanitetshuset i staden for tur. Her vil fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset ha opplegg for trimmen. Ho vil ta trimmarane med på øvingar frå «trimmøtet» vi hadde i august og kanskje vise nye øvingar. Dette er eit viktig supplement til Rusleturane og Kløverturane. Det blir enkel servering etter trimmen. Her er alle velkomne!