Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rundtvask i Svinviktunnelen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. mai 2016

Laurdag troppa det opp to store lastebilar frå Ottem ved Matkroken. Dei var utstyrt for vegvasking, og når vi fikk kontakt med sjaførane kunne dei fortelje at dei hadde i oppdrag frå Vegvesenet å vaske Svinviktunnelen. Presis kl 10 sette dei i gang, og spyla ut all lort og støv som har samla seg i løpet av vinteren.

DSC_9577

Tobias Utigard og Sven Bjarne Kilvik frå Ottem hadde laurdag rundtvask i Svinviktunnelen. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi tok ein tur utover til tunnelen og der trefte vi oppsynsmann Nils Erling Skaalvik frå Statens vegvesen som stakk innom ein tur for å sjå på arbeidet. Han fortalte at Svinviktunnelen blir gjort rein 2 gong for året, og no var det støvet etter bruken av piggdekk i vinter som skaulle ut. Det blir utruleg mykje svevestøv av piggdekkbruken, og det samlar seg opp i tunnelane.  Men sjåførane Tobias Utigard og Sven Bjarne Kilvik sørga for at tunnelen vart gullande rein, og kjenner du vel etter når du kjører gjennom tunnelen no så kjenner du nok ein snev av grønnsåpelukt!

DSC_9610

Ein klar advarsel om å ta det med ro gjennom tunnelen. Foto Jon Olav Ørsal

DSC_9613

Nils Erling Skaalvik er oppsynsmann for Statens vegvesen og stakk innom for å sjå på vaskinga. Han fortalte at Svinviktunnelen blir vaska to gong i året. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 22. mai 2016, 05:00 - Sist oppdatert: 21. mai 2016, 20:39