Torsdag 1. oktober besøkte stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag bunkerane ved Røsmoen på Skei. Vi startar ved Coop Extra på Skei og går eit stykke i retning det gamle Svorka-bygget før vi svingar ned mot Røsmoen, forbi Stykket, heimplassen til Hans Hyldbakk, og dreier opp mot bunkerane.
Vi er så heldige å ha med Olav Jostein Holten og Holger Skei som kjentmenn. I det vi passerer Stykket fortel Holger om heimen til Hans, og lenger fram fortel Olav Jostein om narrekanonstillingar, ekte kanonstillingar og bunkerane inni fjellet. For oss som var ungar straks etter krigen, og som budde i nærleiken av Skei, er ei vandring inne i bunkerane ikkje noko nytt, men likevel interessant å friska opp att etter så mange år.
Etter runden inne i bunkerane ber det attende til startpunktet for turen, og som ein flott avslutning stikk dei fleste innom Cafè Dan for å få seg middag eller ein kopp kaffe. Takk til Olav Jostein Holten og Holger Skei for framifrå guiding på turen.
Neste torsdag møtest vi ved skisenteret på Vang i Røgrenda. Dette blir haustsesongens og årets siste stavgangarrangement. Ta med mat og drikke som vanleg, og vi spanderer graut og bakels. Vel møtt!
Bildeglimt frå rundturen på Skei og Røsmoen. Alle foto: Reidar Østvik