Markeringa av 100-årsjubileet for Alf Ramsøy starta med trimtur frå Todalen skule i strålande ver! Sol frå skyfri himmel, men litt skarp haustluft.
Turen gjekk frå skulen opp Pilskaret, over Skeidet og vidare innover Ramsøydalane langs Toåa. Ved Storhuset i Ramsøya var det framsett ei korg med gravensteineple; så her var det berre å forsyne seg. Den eldste broren til Alf, Inge, bygde Storhuset. Han budde i 2. etasje og hadde verkstad i første etasje.
Alf var fødd i Ramsøya 30.09.1924, og han var yngst i ein søskenflokk på fire. Dei eldre søskena var Inge, Margit og Liv. Alf dreiv Ramsøygarden frå 1957 til 1972.
Frå Ramsøya gjekk turfølget gjennom Halaneset, over Stormyrhaugen til Heggøyan og over Hengebrua til Brusetgrenda. Ved den fine gapahuken nede på Nessaørå vart det pause med servering og triveleg prat. Ved Skukullbrekkå delte turfølget seg i to grupper: Ei gruppe gjekk etter allmannvegen over Hauamyrane, ned Småbrekkå og til Brusetbrua. Dei andre tok stien om Fosstrøinn. Retur over Brusetbrua og utover til Skulen.
Etter ein rundtur på om lag seks kilometer var det kjekt å kome tilbake til skulen der komiteen venta med mat og drikke. Turen vart ein fin start på 100-årsmarkeringa!
Fleire bilete: