Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rundtur i Øyalia

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. september 2024

Veret var slett ikkje det beste andre måndagen i september, det regna! Men kløvertur i Øyalia vart det.

Turen gjekk etter skogsvegen oppover lia frå Ungdomshuset. No er det komne opp nye og fine namneskilt langs vegen, riktig bra! Turen blir meir interessant når ein kan sjå kva det heiter der ein ferdast.

Nytt namneskilt. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Turen frå Berget og nedatt gjekk etter den gamle skogsvegen, grasgrodd og idyllisk. Og våte turgåarar avslutta turen med varm kakao på Halsbua.

Fleire bilete:

Oppå Berget. Dordi Jorunn, Helga, Åse Johanne, Helen og Jorunn. Foto: Marit Sanden Søyset.

På tur etter nyvegen i Øyalia. Foto: Marit Sanden Søyset.

Publisert: 9. september 2024, 21:53