I dag fikk vi telefon frå Andreas Lunnan (70), tidlegare progaramleiar i NRK, med påminning om at det blir reprise på programmet «Rundt neste sving: Todalen». Han fortalte at programmet kjem på NRK2 neste laurdag (6. november) kl. 18.55.
Programmet vart første gong vist i 2002, og på turen «rundt neste sving» kjem vi innom Svinviks Arboret, Kårvatn, Todalshytta, og får gjensyn med Vangsgutane, Finn Talgø og Tone Søyset Døving. Programmet er på 30 minutt og går altså frå 18.55 til 19.25, og ikkje gløym at det er på NRK2!
Laurdag 30. oktober er det tilsvarande program fra Tingvoll, og tidlegare har det vore sendt reprise på programma fra Halsa, Eide og Veidholmen.
Her finn du heile programomtalen da programmet vart vist i 2002