Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rundt 6000 m3 er køyrt ut til no

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. januar 2018

Til no er det køyrt ut rundt 6000 m3 med stein og anna masse frå anleggsområdet  i Falla, seier Gudmund Ole Vatn til Todalen.no.  – Vi trur at den siste salva er skoten i dag, og no står det att utkjøring av massen frå den siste salva. Muligens må vi skyte ut litt i botnen for å jamne ut litt, men det blir berre småtteri i tilfelle. Dermed skal det være klart for å opne for trafikk av større bilar i veke 6, og etter kvart vil da trafikken kome i gang att som normalt.

No blir det rikeleg med vegbredde og trygg grunn forbi Kufalla. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi starter alt måndag med utkjøring av resten av massen.  Er ikkje heilt sikker på kor stort masseuttaket er akkurat no, men eg trur det er tilsaman rundt 6000 m3 det som er køyrt til Nordvik og det som er lagra i deponiet oppi Falla. 

Etter at vegen er ferdig og opna for trafikk vil det blir montering av rekkverk forbi anleggsområdet. Det vil skje til våren, når det er bart og fritt for tele. Men det er ingen fare, seier Vatn, som fortel at det er rikeleg med vegbredde forbi området og vegen blir sikra med litt storstein på kanten mot elva.

Deponi av stein i Falla – Foto. Jon Olav Ørsal

Snart blir det slutt på omkjøringa via Tjønnmyra – foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 25. januar 2018, 17:16