Etter ein lang dag med mykje fotball, mosjonsløp og mange andre aktivitetar er det laurdag kveld tid for å slappe av med litt god musikk og kortreist grillmat på bakken framfor Todalshytta. Da entrar nemleg Jo Sverre Sande og Johanna Demker scena for å underhalde oss utover kvelden….
Jo Sverre har, på tross av sine 24 år, lang erfaring med låtskriving, spelling i band og konsertvirksomhet. og med sitt soloprosjekt har han virkeleg kome i sitt rette element. Tekstane baseres på hans kvardagsbetraktningar og personlege opplevingar, og melodiene er ei blanding av viser som er godt forankret i pop-sjangeren.
Johanna Demker er godt kjent i Todalen frå si deltaking på både Raus 2015 og Raus 2016 på Gammelfabrikken. No er ho altså attende i Todalen og går på scena saman med Jo Sverre.
Konserten startar altså laurdag 2. juli kl 19.00 på Todalshytta.