Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Avslutta sesongen med rekorddeltaking…

Avslutta sesongen med rekorddeltaking…

Vidar Sogge Sundag 30. oktober 2011

Torsdag 26. oktober avslutta Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag 2011-sesongen med heile 51 deltakarar, også denne gongen i fint ver og strålande sol. Leiar i Surnadal pensjonistlag, Johs. Vaag, var møtt fram og gav blomster til styret i Stavganggruppa før vi la ut på tur. Medan ein del sikta seg inn mot Kvennaåsen, tok andre turen etter gammelvegen i retning Stangvika.

Etter turen vart det servering av graut og bakels og konsert av Guri og Lars. Skihuset vart ”sprengd” av dei mange deltakarane, og både konsert og ”bordhald” måtte haldast i to avdelingar for at alle skulle få høyra konserten og smaka den gode maten.

Mange takk til Guri og Lars for ein fin og allsidig konsert som femde frå Polsdans frå Todalen, Geilhaugvalsen, Tovassvalsen og Neådalingen til eit potpurri over Den bakvendte visa, Håvard Hedde, Oss ha gjort og Avskjed med Høvringen. I tillegg fekk vi mellom anna høyra både Prøysen og Erik Bye. Ein fin og stemningsfull konsert! Takk også til Brit, Grete, Bjørg og Randi for graut og bakels, og spesiell takk til Wenche i Viastua for den gode mølsgrauten hennar. Mange takk også til Idrettslaget Søya som gav oss lov til å nytta skihuset på Vang til arrangementet, og til alle dei som gjennom sesongen har stilt rasteplass og hus til disposisjon og til dei som har vore kjentfolk og guidar.

Til alle deltakarane: TAKK FOR EIN FIN STAVGANGSESONG, OG VEL MØTT TIL NYE TURAR TIL NYE STADER NESTE ÅR!

Bilder frå siste turen til Stavganggruppa for sesongen 2011     Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 30. oktober 2011, 08:00