Det er kanskje litt symbolikk i at årets stavgangsesong blir avslutta på Vang skistadion – da er vi nemleg «på sporet» til meir vinterlege aktivitetar. Før vi veit ordet av det kan det faktisk bli skiaktiviteter på Vang for vi skriv faktisk 12. oktober i dag. Nok om det – på dagens arrangement var det i allfall barmarkaktiviteter, og heile 47 deltakarar var med på dagens stavgang.
Dagens utflukt hadde altså start på Vang, og gikk utover til Stangvik – eller etter turvegane oppover lia i retning Strengen. Etterpå var det samling i klubbhuset på vang, og sjølvsagt var det litt ekstra servering når det er sesongavslutning. På menyen stod kaffe, med graut og bakels til heile gjengen. I tillegg var det også tid for å takke for årets sesong, der Kristian og Bitten Ranes fekk blomster for godt utført leiarskap i samband med arrangementa til stavganggruppa.
No er det berre å vente til vinteren er unnagjort, så er nok stavganggruppa klare for ein ny sesong. Ellers jobbar pensjonistlaget for å finne aktivitetar for vintertrim til sine medlemar. Dette er det ikkje funne noko løysing på, men det blir jobba med saka.
Heilt til slutt vil vi i Todalen.no takke Wenche Kvendset og spesielt Sigrun Ørsal for alle fine bilder dei har levert til oss i løpet av sesongen. Denne gongen er det Wenche som har vore fotograf.