Da friluftsgudstenesta på Tjønnmyran runda av med Todalssongen kom det nokre få regndråpar for å markere slutten på det fine påskevêret vi har hatt. Det var Todalen sokneråd som tradisjonen tru arrangerte friluftsgudsteneste 2. påskedag, og det er faktisk ein like gamal tradisjon at det er finvêr under friluftsgudstenesta. Mellom 50 og 60 personar var møtt fram og hadde installert seg i gapahuken på Tjønnmyra for å ta del i friluftsgudstenesta.
Det var prestevikar Torbjørn Brøske som var liturg, medan Bernt Bøe var organist, og det var Todalsen sokneråd som var arrangør og kyrkjevertar. 2 av årets konfirmantantar, Hallvard Rudson Nordvik og Tor Asbjørn Karlsen deltok som tekstlesarar i tillegg til Borghild Talgø og Einy R. Elgsæther. Tema for dagenes preken var sjølvsagt påskebodskapet og Moses som bruka 40 år på leie jødane attende etter 430 år i Egypt.
Etter gudstenesta var det servering av kaffe og pølser med brød til alle som deltok på friluftsgudstenesta med ei triveleg stund rundt borda i gapahuken på Tjønnmyran, der friluftsgudstenesta markert slutten på årets påskehelg, som faktisk går over i historia som tidenes finvêrspåske.
Dagens takkoffer gikk til Misjonsprosjektet – vil du være med og bidra so bruker du vipps nr 506908 – enkelt og greit!
Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri – kanskje finn du nokon du kjenner? Alle foto Jon Olav Ørsal