Med strømmangel og uvær på 2. juledag måtte soknerådet utsette juletrefesta til 1. nyttårsdag. Det vart nok litt seint, for da hadde nok mange tilreisande teke på heimveg, og bygdefolket starta førebuingane på kvardagen igjen. Eit trettitals frammøtte fekk imidlertid ei triveleg stund i skulen denne ettermiddagen. Der var det program med historisk tilbakeblikk til 60- og 70 åra. Terje Nordvik fortalte om juletrefestene på den tida, og viste ein lysbileteserie fra gamle dager.
Elles var det sjølvsagt opplesing av juleevangeliet, nissar frå Romådalen og gang rund juletreet med musikalsk drahjelp frå Signe grønmyr på piano. Det var også traktering på gammelviset, med påsmurt brødskiver og kakao til både store og små.