Trimgruppa saman med ski- og friidrettgruppa inviterte i dag bygdafolket til god gammeldags basar med utdeling av trimkrus og deltakarpremiar til så å seie alle ungane i bygda som gjennom både vinter og sommarsesong har delteke på gruppas arrangement. Desverre var det ikkje så alt for imponerande oppmøte, men dei som kom fekk i allefall støtta eit aktivt idrettslag og ikkje minst treft sambygdingane sine.
Ski og friidrettsgruppa benytta som nemnt anledninga til å dele ut deltakarpremiar til både barn i løypa arrangert på Tjønnmyra og for lagseriestemna på Bordholmen. Trimgruppa delte ut krus for sine 9 trimbøker med tilsaman 4630 registreringar. Det er jamnt over mykje besøk på bøkene, men Storhaugen som er StikkUt-tur, er naturleg nok best besøkt.
Her er oversikta over alle bøkene, med den som har flest turar per bok, og ein frå kvar bok som blir ein heldig uttrekt for å få eitt krus med stadsnamn på.
- DALASETRA hadde totalt 377 turar, Ola Røen flest med 38 turar. Uttrekt vart Gudmund Kårvatn.
- TALGØSETRA hadde totalt 607 turar, Jon Bruset flest med 33 turar. Uttrekt Kristian Gjeldnes.
- HAUKARSTEINEN hadde totalt 481 turar, Alf Inge Ulvund flest med 100 turar. Uttrekt Trygve Halle.
- STORHAUGEN hadde totalt 886 turar, Dordi Jorunn Halle flest med 135 turar. Uttrekt Jostein Bruset.
- TÅRNET hadde totalt 409 turar, Ragna Kvenset flest med 24 turar. Uttrekt Emil Ansnes.
- FAUSKHJELLEN hadde totalt 374 turar, Terje Nordvik flest med 66 turar. Uttrekt Trym Søyset Holmestad.
- GAMMELSETRA hadde totalt 390 turar, Eilert Kjølstad flest med 109 turar. Uttrekt Hallvard Kvendset (Lauvås)
- LØFTA hadde totalt 366 turar, Tor Holten flest med 101 turar. Uttrekt Fredrikk Sogge.
- ANSNESSETRA hadde totalt 140 turar, Olav Gjeldnes flest med 94 turar. Uttrekt Siri Skjerve.
Basaren er ei kjærkommen inntektskjede for idrettslaget, og dei to undergruppene fekk inn rundt 28 000 kroner på arrangementet. Da med nesten 20 ooo på førehandssalget på Hals dei foregåande vekene. -Kjempebra av bygdefolket seier leder i trimgruppa Jorunn Nordvik.