Måndag kveld kjem det folk og røvarar til Nordvik Forsamlingshus! Stangvik Jentekor inviterer nemleg til «Kardemommefest». Koret har i vinter jobba med utdrag frå Thorbjørn Egners barnebøker om Kardemomme By og Hakkebakkeskogen. Måndag er det premiere – med bl.a. Kasper og Jesper og Jonatan, Tante Sofie, Polimester Bastian, pølsemakaren og trikkeførar Syversen.
Frå Hakkebakkeskogen kjem Bestemor Skogmus, ekornbarna, Brumlemann, Bakarmester Harepus og ein kar som fyller 50 år omtrent på denne tida. Foreldra stiller som mannskap på scena og på kjøkenet. For på Kardemommefesten blir det kaffe med mykje godt attåt for alle som møter opp. Om bakarguten sine dobbelpepra pepparkaker er å anbefale, er ein anna sak …
Billettpengane går til det musikalske arbeidet i Stangvik sokn. Og at det finst mange talent i dette jentekoret, får folk oppleva denne kvelden – om dei ikkje visste det frå før!