Det er nok mange rotvelter som ligg att etter «Dagmars» herjingar 1. juledag. Oppå Drivhammaren uti Stranda er ei av dem, som ligg nerast på vippen ned mot vegen. Det ser litt nifst ut frå vegen, så Jon Bruset tok seg ein tur oppå hammaren for å sjå korleis dette såg ut. Furua ligg med toppa utom hammaren og med eit skikkeleg stormkast er nok faren tilstades for at den deisar ned på vegen.