I sommar har det pågått opprusting av vassforsyninga til Rossåa Settefiskanlegg som ligg ved utløpet av Rossåa. Anlegget har i dag tilføring frå eit filtreringsanlegg som ligg i botnen av Rossåa eit 2-300 meter ovafor Rossåbrua. No bygges eit heilt nytt vassintak, med ein dam litt nedafor Rossåfossen og ny rør nedover derfrå. Måndag tok vi ein tur for å sjå på anlegget oppi Rossåa.
Anleggsleiar Jostein Bruset i Statkraft fortalte at det er Grytnes som har prosjektet på vegne av Statkraft som er eigar av anlegget, medan Bredesen er underentreprør for alt gravearbeidet. Eit lag frå Grytnes var måndag i full gang med betongarbeidet på dammen, medan Bredesen sine folk dreiv med sikringarbeid og utbetring av elvaforbygging nedover elva.
Frå Rossåbrua og oppover til fossen er det bygd ny veg, der den nye rørgata som skal forsyne settefiskanlegget ligg i grunnen under vegen. Den nye vegen vil også knytes saman med vegen opp til grustaket etter kvart, slik at ein kan unngå den dei første bratte bakkane på gammelvegen opp til grustaket.
Bruset fortel at det gamle vassinntaket hadde lett for å gå tett, og det vart etter kvart store kostnader med vedlikhaldet. derfor blir det no investert rundt 5,0 mill for å få eit ny og sikrare tilføring av vatn til settefiskanlegget. Han rekna med at anlegget kan ferdigstillast ein gong i oktober, før vinteren sett inn for fullt.