Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rosa på ball …

Jon Olav Ørsal Fredag 5. august 2016

Andreslåtten er i full gang – no også med rosa siloballar – i tillegg til gørne og kvite. Dei rosa siloballane har fått stor oppmerksomheit i sommar. Det er Felleskjøpet Agri som i samarbeid med emballasjeprodusentane Trioplast og Tama har valt å starte den rosa kreftkampanjen, fortel Anders A. Karlsen i Todalen Mjølk.  Produsentane, forhandlarane og bonden yter 10 kr kvar pr rull med folie – tilsaman kr 300.000 til bryskreftsaka og ikkje minst har saka fått stor oppmerksomheit i media.

DSC_3423

Rundt 3000 siloballar rekna Todalen Mjølk med i 2.-slåtten i år. Foto: Jon Olav Ørsal

Som sagt er 2.-slåtten i full gang rundt heile bygda, og formengden er som eit noramlår, seier Anders Karlsen, som reknar med at det blir rundt 3000 ballar av 2.-slåtten. Det er litt meir enn frå førsteslåtten, men det er mykje meir vatn i foret no enn i 1.-slåtten, så forverdien er nok mindre og kvaliteten dårlegare.

Vegvesenet oppfordrar dei som driv produksjon av siloballar til å ta hensyn til traffikksikkerheita når disse skal lagrast ved vegen. Dette gjelder sikkerheita til både dyr og folk og har difir laga ei infoside om dette temaet. Den finn du ved å klikke på linken til Vegvesenet

Siloslått 3428

Kvitt, rosa og grønt i skjønn forening. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 5. august 2016, 13:16