Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsmarsjen engasjerte mange til rundtur rundt bygda – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 27. desember 2020

Etter fleire dagar med mykje god mat og lite fysisk aktivitet er det godt å kome seg ut i frisk luft og kanskje få litt trim.  I år er det nok mange som også føler behov for å ha litt sosial kontakt med andre enn berre de «indre krets» i familien.  Romjulsmarsjen er det einaste arrangementet i Todalen denne jula, men også den er litt amputert og tilpassa pålagt smittevern etter beste evne.

Medaljer i lange baner. Ola og Sissel bemanna stasjonen på Bruset og Anders passa på at alle fikk medalje. Neste år håpar dei at smittevernet tillet gløggservering gjen. Foto: Jon Olav Ørsal

Men todalingane ber nok tradisjonane vidare i år også – sjølv om romjulsmarsjen var utan gløggservering.  Medaljane var imidlertid på plass, og det er nok viktig del av arrangementet for de minste.  Deltakartala for dei siste ti åra viser at det i gjennomsnitt har delteke 140 personar og rekordåret er 2015 med heile 180.  Det er slett ikkje verst i ei slik lita bygd med knappe 300 innbyggjarar. Denne gongen vart 164 deltakarar – i tillegg 10 hundar som nok måtte klare seg utan medalje. 

Som alternativ til gløggserveringa var det lagt opp til RomjulsQuiz, men postar rundt omkring bygda, og bruk av telefonen til svargjeving.  Her har du frist til kl. 18 i kveld med å gje digitalt svar og vinnar blir kunngjort på Todalen.no i løpet av kvelden. TILs trimgruppe er arrangør av Romjulsmarsjen, og neste år håpar arrangøren at dei er attende til normalen – med gløggservering og eit meir moderat smittevern. 

Ole Martin, Anne Hjørdis, Martine og Berit tok runden rundt bygda. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi tok runden rundt bygda for å få med oss bildeglimt Romjulsmarsjen og her kan nok alle treffe på kjentfolk dersom du tek runden gjennom bildegalleriet.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 27. desember 2020, 17:00 - Sist oppdatert: 28. desember 2020, 09:27