Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsmarsjen 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 25. desember 2021

Trimgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til koronadempa Romjulsmarsj med ny vri. Gjeve premiar, utlodning og fleire turalternativ til å lufte seg på 3. dag jul mellom 12:00 og 15:00.

Trimgruppa vil i år kun ha ein registreringspost. Denne blir på Bruset, og det vil ikkje bli servering i år. Spesielt for årets romjulsmarsj er at det blir laga eit ekstra innsjekkingspunkt på Bruset i samband med trimturappen. Denne innsjekkinga er sett som aktiv kun den 27. desember og du vil kun få til å sjekke inn ein gong.

På Bruset vil Trimgruppa ha stand mellom klokka 12:00 og 15:00. Her blir det utdeling av deltakarpremiar til ALLE som er ute på Romjulsmarsj. Den tradisjonelle premien har i år blitt erstatta med ei kul «todalshuv». Gratis for alle deltakarer, men det blir i tillegg høve til å kjøpe den, dersom nokon ønsker å sikre seg fleire eksemplar. På standen er det også utlodning med sjansar til å vinne fine premier frå lokale bedrifter.

Todalen Idrettslag og Trimgruppa er så heldige å ha så mange fine turer å folk kan nytte seg av. I og med at dei denne dagen berre har eit sjekkpunkt, kan folk sjølv legge opp til å besøke fleire sjekkpunkt og gjennom det lage sin eigen romjulsmarsjrunde. Trimgruppa kan difor, i koronaåret 2021, skilte med følgande turval:

  • God gammeldags Storroinnt: Sandstadkrysset-Brusetbrua-Halsabrua
  • Storroinnt Utom: Halsabrua-Toåa Tursti-Brusetbrua
  • Todals Extreme: Halsabrua- Brusetbrua- Hengebrua
  • Litjroinnt: Øyabrua-Brusetbrua
  • Litjroinnt XL: Øyabrua-Brusetbrua-Fillipbrua
  • Litjroinnt Ultra: Øyabrua-Brusetbrua-Hengebrua
  • Heggøya Roinnt: Brusetbrua-Hengebrua
  • Fillippen: Brusetbrua-Fillipbrua

Som vi ser, så er det her muligheiter til å sanke fleire turpoeng i trimturappen denne dagen dersom ein legg ned litt ekstra innsats og vel noko anna enn den tradisjonelle Storroinnt.

Trimgruppa oppfordrar til å koma og bli med på Romjulsmarsjen 2021!


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 25. desember 2021, 12:52