I dag var det romjulsmarsj. Det var knapt 150 som gjekk marsjen. Det var fint vêr, det var vindstille, opphaldsvêr og omtrent 0 grader.
Under marsjen fekk dei som gjekk med seg ein quiz. Da alle hadde levert inn, var det fem som hadde alt rett, og ut frå dei fem blei Kari Kvendset og Sigrid Gjersvold trekt ut som vinnere.
Det var også loddsalg på dei to postane på Bruset og på Sandstad, der var det fleire gavinstar å vinne. Marit Ingeborg Ansnes vann sengesett, Sondre Halset vann også sengesett, Sigrid Gjersvold vann servietter og holdar, Signe Grønmyr vann telys, Nora Drøyvoldsmo vann julduk, Gudmund I Kvendset vann også julduk og Van Adrian Ansnes vann duk og telysstake.
Alt i alt var det ein fin dag på bygda, med mykje hyggelege folk å møte på.
Dersom du vil ta ein test på dine kunnskaper kan du finn Todalsquiz her. Og her finn du fasiten, men prøv sjølv først!