Det var nok ei fornuftig avgjerd å utsette Romjulsmarsjen til 4. juledag, for gårdagens snøfokk hadde nok gjort dørstokkmila lang for mange. 4. juledag var det prima forhold for den 6 km lange turen rundt bygda og trimgruppa er godt nøgd med at 124 registrerte seg for rundturen og vart servert varm gløgg eller kakao som varma godt i det kalde vêret. Det blir tross alt litt kald når gradstokken kryp under null, sjølv om det berre var 4-5 kuldegrader i lufta. Todalen.no tok turen rundt bygda med kamera, og resultat finn du i eit galleri nedafor.
Store og små fekk iallfall medalje som belønning for turen, og sjølv om leverandøren hadde blingsa med årstalet og gravert 2013 på medaljene så var alle tok det med eit smil. Romjulslotteriet bringa 5250 kroneer i kassa til trimgruppa i Todalen Idrettslag, og trekninga etter marsjen vist at det var vinnarar både frå Todalen og andre plassar. Dei heldige vinnarane i lotteriet var:
Hjerteampel for telys 1: Todalshaugen
Hjerteampel for telys 2: Nicolai Søyset Hopland
Juledekorasjon: Silje Øyen
Julekopp m/duk: Eilert Kjølstad
Korg m/drops: nicolai Søyset Hopland
Holdar for tørkerull: Oda Marie Moe
Bildegalleri frå ein rask rundtur på bygda med kamera i dag. Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal