3. juledag er det klart for den tradisjonelle Romjulsmarsjen – med Todalen IL trimgruppa som arrangør. Som vanleg inviterer Trimgruppa på ein spasertur rundt bygda – 6 kilometer storrundt om Kvennset og med gløggstasjon og registrering på Bruset. Start mellom kl 12:00 og kl 15:00.
Nytt i år er at Trimgruppa spanderer gratis reflexband på alle som deltek i Romjulsmarsjen. Reflexbanda har TIL-logo på låset og finns i 4 fargar: Orange, rødt, grønt og blått. Trimgruppa håpar at alle brukar reflexbanda dei får no i den mørke årstida og at dette kan være eit bidrag frå T.I.L. til auka trafikksikkerheit.
Som sagt blir det gløggservering på Bruset, og det vil også bli loddsal og utlodding – med fine gevinstar. Blir du med?