Fort og skart vart det organisert tradisjonell sankthansfeiring på Bordholmen i går kveld. Oppmøtet vart nok desverre også deretter, men dei som kom, hadde det sosialt i lag. Terje Nordvik hadde ordna med varm grill, som alle kunne benytte seg av. Ellers var naturlegvis dei populære trøbilane tilgjeneleg for ungane.
Litt sur og kald vind var det nok for dei fleste som tok turen, og med nysnøen på toppane er det kanskje ikkje anna å vente..
Gutane kappkjøyrte med trøbil heile kvelden. Frå venstre i trøbilmafiaen: Kristian Hauglann Talgø, Markus Bolme, Eirik Telstad Hansen, Sindre Bruset, Henrik Kvande-Talgø, Shan Allan Halle og Håkon Telstad Solli.