Blir like imponert kvar gong eg er på revy – imponoert over at eit russekull, eller rettare sagt ein avgangklasse på vidaregåande kan lage så god underhaldning. Onsdag kveld var vi invitert på generalprøve på årets russerevy, og det var ei stor oppleving.
Det var halvanna time med god underhaldning, med mykje song, musikk og dans, og mange herlege innslag med spark både hit og dit – mot politikarar, både lokale, regionale og nasjonale – både med og utan nye sjansar. Godt og variert program som vi trygt kan anbefale for ein og kvar.
Russerevyen skal ha tre forestillingar – torsdag 7. mars er det premiere, og i tillegg er det forestillingar fredag 8. og laurdag 9. mars – billettar får du kjøpt på kulturhuset eller på nettsida til Surnadal kulturhus – her kan du klikke deg rett inn!