Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rokk og fokk – travelt for brøytemannskapet i dag

Jon Olav Ørsal Måndag 30. desember 2024

Det blir nok ein travel dag for brøytemannskapa i Todalen Mjølk i dag.  Da vi var ute for å treffe dem var snøvêret i gang, og meldingane på yr.no fortel om gult faresignal og kraftig snøfokk utover formiddagen og fram til tidleg morgon på nyttårsaften.   Todalen Mjølk har 4 traktorar ute på morgonkvisten i dag, og dei rekna med at det vart fullt kjør heile det neste døgnet. 

Full tank! Anders Karlsen fyller på drivstoff og er klar for ei ny økt. Han håpar at traffikkantane kan hjelpe til og melde kvar det er mest behov for brøyting – det kan variere mykje frå plass til plass. Foto Jon Olav Ørsal

Todalen Mjølk brøyter alle fylkesvegane, kommunevegane og dei fleste private vegstubbane og rekna no med skikkeleg trøkk utover dagen og natta.  Anders Karlsen som er leiar for brøytemannskapa fortel at dei famnar vidt med brøytinga – frå Todalskrysset og rundt heile bygda og oppover til Brusetmarka og til Kårvatn. 

Carsten Bohle i gang med snørydding på plassen framfor Matkroken Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Meld frå om det trengs brøyting 
Den store avstanden gjer at det er vanskeleg å ha klare å følge med kvar brøytebehovet er størst , så han seier at Todalen Mjølk sett stor pris på at trafikkantane melder frå om kvar det er behov for brøyting eller strøing – slik at dei kan gjera tiltak. Han fortel vidare at det kan være stor forskjell på snøfallet, slik som utafor og innafor tunellen – og mellom Nordvik og Todalskrysset.  PÅ Kårvatn er det ofte snøvêr når det regnar på Kvennset.  Så derfor tek vi gjerne mot meldingar om lokale behov for innsats, seier Anders som har telefon 915 97 313.

Ståle Ansnes og Tor Asbjørn Karlsen rydda snø med kvar sin traktor – i tillegg er Carsten Bohle, Anders Karlsen og Jan Nordvik Bruset med på brøytelaget. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 30. desember 2024, 09:55