Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rødt – Starta valkampen i gapahuken i turstien

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juli 2025

Rødt har vore på Todalsbesøk i dag – søndags kveld var dei i gapahuken i Båthølen på ope møte for å treffe Todalingane.  I rundt 30 graders varme er det ikkje så enkelt å samle folk til politiske møter.  Dei tre frå Rødt, var Mattis Himo som er 1.-kandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal. I tillegg var Edvard Breivik med som leiar for Rødt Møre og Romsdal, og leiar Roar Nes frå Surnadal Rødt.

I dag har dei bruka heile dagen i Todalen.  Det starta med tur til Kvennsetdalen saman med Ola G. Kvendset som er leiar i Møre og Romsdal Bonde og småbrukarlag.  Her fekk dei omvisning på seterstølen som er nyrydda og som no blir beita med både geit og storfe.  Ola er oppteken av å gjera nytte av utmarksbeitet som ein del av gardsdrifta.  

Gapahuken ved Båthølen er ein del av Toåa tursti. Toåa tursti passerte forresten 2000 registrerte besøkande hittil i år, for eit par dagar sia. Foto Jon Olav Ørsal

Politikarane var sjølvsagt opptekne av kva som foregikk i Todalen og kva som hadde størst betydning for oss som bur her og lever her.  Vidare vart det etterkvart mange tema som vi var innom, -også utfordringar i kvardagen. Eit sjølvsagt tema når vi var så nær Toåa var spørsmålet om kva som skjer med laksen – der vi konkluderte med at det er eit samansett problem. 

Elles var vi innom samferdsel med Todalsfjordprosjektet og arbeidsmarkedet og ikkje minst skulepolitikk med i samtalane.  

Publisert: 20. juli 2025, 21:51